Hopp til hovedinnhold

Gratisbillettar til Vinjerock

Vinjerock treng di hjelp!

Foto: Andreas Doppelmayr/Vinjerock

Vinjerock har i to år jobba med eit mangfaldsprosjekt, der målet er å i større grad bli ein festival 'for alle'. Dette både fordi Vinjerock meiner fjellet er for alle, og vil bidra til å synleggjere det, og at dei meiner festivalen blir betre av eit breitt mangfald.

Vinjerock jobbar både med å rekruttere lokale ungdommar, intregrere flyktningar og asylsøkjarar busett i Vang, og å bli betre på universell utforming. Det siste er jo ei utfordring når dei held til i ulendt terreng langt til fjells, men dei vil i alle fall gjere det dei kan for å vere ein god festival for folk med ulike funksjonsnedsettingar. Vinjerock har mellom anna støtte frå Norske konsertarrangører som jobbar med prosjektet 'Tilgjengelighet kulturnorge'.  

Vinjerock vil difor gi to billettar til medlemmar av Unge funksjonshemmedes medlemsorganisasjonar, mot at dei kjem med tilbakemeldingar på kva Vinjerock kan gjere for å bli betre tilrettelagt for funksjonshemma, og kva dei allereie gjer bra på området.

Er nettsidene gode nok? Kjem du fram? Er maten allergivenleg? Vinjerock treng di hjelp! I tillegg til å gi tilbakemelding på tilgjengelegheit må speidarane dokumentere si deltaking på festivalen med bilete som arrangørane kan bruke i rapporten om prosjektet deira. 

Vinjerock arrangeres 20.-23. juli!

Meld di interesse til post@ungefunksjonshemmede.no innan 10.7. Skriv kva organisasjon du kjem frå, motivasjonen din for å rocke til fjells, og tilretteleggingsbehov. Kanskje vert du ein vinjerockar? 

Du kan lese om festivalen på vinjerock.no.