Mediedebatt om tilgjenge
Dei siste vekene har det vore mykje debatt om krava til at alle bustadar skal vera tilgjengelege. Kommunal- og regionaldepartementet har mellom anna føreslått eit unnatak for studentbustadar.
Unge funksjonshemmede er motstandarar av eit sånt unnatak. Unntaket sikrar ikkje ein besøksstandard, fordi krava til tilgjenge inn i bueininga blir fjerna. Høyringsfristen er 1. mars. Me oppmodar alle medlemsorgansiasjonar og andre som er opptekne av eit tilgjengeleg samfunn om å svara på høyringa. Ta kontakt med sekretariatet om de ynskjer hjelp til å utforma eit høyringssvar.
Les meir om denne saka:
Innlegg i Universitas (UiO) : Rom for alle - på dass
Oppslag i Universitas om debatten om krav til tilgjenge
Universitetsavisa (NTNU): Rom for deg, men ikke for meg
Departementet sitt høyringsbrev
Unge funksjonshemmedes styreleder har òg skreve eit innlegg til lokalavisene i Troms, som et svar på eit innlegg der som kritiserte reglane som skal sikra ei tilgjengeleg bustadmasse.
