Hopp til hovedinnhold

Statsbudsjettet: Godt nytt på bustadfronten

Unge funksjonshemmede er godt nøgde med at regjeringa satsar på ein god del av dei ordningane som skal hjelpa unge med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom til å få ein god busituasjon.

Mange unge med nedsatt funksjonsevne har vanskar med å etablera seg på bustadmarknaden , eller bur i bustadar som ikkje er tilpassa deira diagnose. Difor synst Unge funksjonshemmede at det er sers gledeleg at regjeringa i statsbudsjettet for 2013 aukar løyvingane til ein del målretta ordningar som er viktige for å betra situasjonen for unge med nedsett funksjonsevne. Det er framleis store utfordringar igjen, og fleire av ordningane bør utvidast ytterlegare, men regjeringa kjem eit stykke på vegen.

Tilskot til etablering aukar med 30 millionar/8,5 % til 354,3 millionar

Dette er ei sterkt økonomisk behovsprøvd ordning som skal gå til å hjelpa utsette grupper til å bli bustadeigarar. Det er positivt av ordninga aukast noko. Legg ein til grunn at kostnadane per tilskot aukar like mykje som dei har gjort dei siste åra, vil aukinga likevel berre medføra at 7 fleire personar kan få tilskot. Unge funksjonshemmede vil i tida framover ta til orde for ei ytterlegare styrking av denne ordninga.  

Ny post på statsbudsjettet: Tilskot til tilpassing av bustad

Det blir oppretta ein eigen post på statsbudsjettet for tilskot til tilpassing av bustad. Dette har tidlegare vore under same post som etableringstilskotet. Tilpassingstilskotet aukast med 47,5 millionar / 38 % til 172,5 millionar. Unge funksjonshemmede er positive til at dette blir ein eigen post, og til at løyvingane aukast. Me veit at mange bur i bustadar som ikkje er tilpassa deira diagnose, og dette budsjettet vil gje fleire mulegheit til å bu betre.

Høge buutgifter pga nedsett funksjonsevne?

Innanfor bustøtteordninga kan personar som har ekstra høge buutgifter som fylje av nedsett funksjonsevne få dekka ekstrautgifter på inntil 3000 kr i året utover dei vanlege buutgiftstaka. Denne grensa aukar med 50% til 4500. Det tilsvarar 375 kr kvar månad. Unge funksjonshemmede kravde i utgangspunktet ei auke til 10 000 kr, men ser budsjettframlegget som eit positivt fyrste steg.

Startlån: Auka utlånsramme

Regjeringa sett av 20 mrd kroner til utlån frå Husbanken. Dette omfattar både Startlån, til bustadetablering for vanskelegstilte, og Grunnlån, til nybygging. I 2012 var budsjettrama 15 mrd., så dette er ei monaleg auking. Unge funksjonshemmede kravde i sine statsbudsjettinnspel ei auking til 18,6 mrd. kr. Startlån er ei viktig ordning for å gjera det muleg for personar med låge inntekter å kjøpa eigen bustad.