Hopp til hovedinnhold

Ute av øye-ute av sinn?

Unge funksjonshemmede har gjennomførd ei kartlegging av tilrettelegginga i høgare utdanning for studentar med usynleg funksjonshemning. Resultata har vakt oppsikt.

Tysdag 27. mars la me fram rapporten«Ute av øye – ute av sinn?»,som er ei kartlegging av tilrettelegginga for studentar med usynlege funksjonshemningar. Usynlege funksjonshemningar kan vera vanskar som ADHD, asperger syndrom, dysleksi, ME og mykje anna.Undersøkinga har fått merksemd på fleire nettsider, og i NRK. I tillegg har ho blitt teken opp i Stortinget si spørjetime.

Rapporten er tufta på ei spørjeundersøking og ei fokusgruppe blant studentar med slike vanskar, og seier dermed noko om korleis dei opplever dette i praksis. Resultata i rapporten viser at mange opplever vanskar når det gjeld tilrettelegging i høgare utdanning, og heile 72 % av dei spurte har vurdert å avslutta utdanninga på grunn av tilretteleggingsvanskar.

Fleire seier òg at dei er redde for å ikkje bli trudd, og mange vel derfor å halda tilbake informasjon om sine vanskar og tilretteleggingsbehov. Mange seier og at dei ikkje veit kven dei skulle ha gått til for å opplysa om sine tilretteleggingsbehov, og at dei i liten grad har fått informasjon om kva rettar dei har på å få studiet tilrettelagt.

Les meir

Les spørsmålet i spørjetimen på Stortinget som viser til undersøkinga.

Les meir om rapporten, eller last ned heile.