Frukostseminar: Krev din rett
27. mars 2012 09:00 til 10:30
Gjennom prosjektet Krev din rett har Unge funksjonshemmede sett på tilrettelegging i høgare utdanning for studentar med vanskar som er av meir «usynleg» art. Meir «usynlege» vanskar kan dreia seg om alt frå dysleksi, til ADHD, til ME.
- Korleis er tilrettelegginga for denne gruppa?
- Blir dei informert om sine rettar når det gjeld tilrettelegging?
- Blir dei møtt med gode haldningar hjå forelesarane?
- Seier dei frå om kva dei treng, eller er dei redde for å ikkje bli trudd?
Dette er blant spørsmåla me vil ta opp på seminaret, der me lanserer ein rapport tufta på vår spørjeundersøking og fokusgruppe om temaet.
Seminaret blir denne gongen på Thon hotel Vika Atrium sine lokale i Munkedamsveien 45. (Rom: Bjørvika)
- Tid : 9.00-10.30
- Dato: 27. mars 2012
- Servering av frukost og drikke.
- Påmeldingsfrist er 15. mars!